Banen vår

Dette er vår felles bane. Banen din.
Saman skal me utvikla han slik at me alle får gode golfopplevingar.
Denne sida handlar om status, kva som skjer no og om utvikling av banen.
Og litt historikk.
Ver med - les - og gje innspel.

Kva skjer no?

Me ønskjer å informera deg om kva som skjer. Og me ønskjer innspel frå deg. Kva synest du om tiltaket? Kanskje du kan hjelpa oss?
Eller har du andre idear om kva som bør gjerast på banen? Gå til innspel på menyen og send oss bidraget ditt.

Her på første sidan får du ei kort liste over tiltak etter kvart som dei blir lagde inn.
På sidene med status, vedlikehald, modifikasjon kan du lesa om alle tiltak i kvar av desse kategoriane.
Går du inn i menyen på historie - så finn du etter kvart også litt historieforteljing om bygging av banen.

Status medio april 2025

Banen ser allerede flott ut for en tidlig åpning tirsdag 22. april.

Fjerne dam bak green 3

Dam bak green #3 er bygget "ulovlig", og er et dårlig innslag på hullet. Den skal fjernes.

Ferdig - avsluttet
Les mer

Flytte fairway hull 4

Landingsområde flyttes ca 10 meter til venstre for å redusere risiko og konflikt med hull 2.

Ferdig - avsluttet
Les mer

Flytte fairway hull 7

Fairway forskyves ca 10 meter til høyre.Vi har endret tee 58 og 62. Det tar bort risiko for treff av hus/hytte.

Ferdig - avsluttet
Les mer

Forberedelse for vinter

Banen er nå stengt. Som du ser i bakgrunnen så er det kommet snø i fjellet. Banen skal nå forberedes for vinteren.

Pågår
Les mer

Nett på driving range

Vi har stort svinn på rangen. Første tiltak er nett langs høyre side.

Pågår
Les mer

Organisering av drift

Her informerer me om korleis me organiserer og styrer arbeidet på banen. For å oppnå god kvalitet må me vita kvar me skal - og sjølvsagt kvar me står i dag. Alle vedlikehaldsoppgåvene tek utgangspunkt i dette gapet og dessutan dei aktuelle sesongvariasjonane.
Å endra banen krev ei anna tilnærming. Det skal gjerast med rett utforming, og inneber fort prosjekt som må ha klare rammer og fast styring.
Til slutt vil me gi meir informasjon om sjølve banebygginga; tankane bak sjølve utforminga av banen og korleis kvart hol er bygd opp. Det vil gje litt bakgrunnskunnskap som påverkar både vedlikehald og modifikasjonar.

Vedlikehald

Vedlikehald er alt arbeid på banen som me utfører for å oppnå og behalda den kvaliteten som me ønskjer på alle speleflatene. Banen er berre ni hol, men hola er lange og breie. Alt i alt har me eit stort areal å dekkja. Det er krevjande for banemannskapet, men eit gode for spelarane. For å oppnå og halda den kvaliteten på banen, krevst det systematisk og målretta innsats kvar einaste dag.

Les meir om vedlikehald

Kvalitet

Kvalitet oppstår ikkje ved eit reint slumpetreff. Det krevst målretta og systematisk arbeid. Med avgrensa ressursar må me gjera dei rette tinga rett. Her kan du lesa om kva kvalitet på speleflatene som me meiner er realistiske mål for oss, både på kort og lang sikt. Me ønskjer at du skal vera godt kjend med korleis me ønskjer at banen skal vera. Og me set stor pris  på å få innspel frå deg.

Les meir om kvalitet

Modifikasjonar

Alle tiltak som endrar dei funksjonelle eigenskapane til banen blir rekna som ein modifikasjon - det endrar utforminga til banen. Det gjeld både rutinga til banen og korleis eit hol skal eller kan spelast. Alle modifikasjonar skal vera behovsprøvde, dokumenterte, planlagde og finansierte før arbeidet blir sett i gang. Ein modifikasjon skal vera gjennomtenkt. Les meir om korleis modifikasjonar skal styrast.

Les meir om modifikasjonar

Historie

Dette er først og fremst historia om korleis banen vart utforma og bygd. Bileta vil visa kva arbeid som vart lagt ned, men me vil òg fortelja deg kvifor banen er utforma slik han er.
På biletet ser me sentrale personar gjennom bygginga: Frå Valdres Anlegg Svein Harald (anleggsleiar) og Christer (god golfar og greenkeeper). Til høgre banearkitekt Jeremy Turner. (August 2004).

Les meir om bygging av banen