Kvalitet på speleflater

Me ønskjer å setja kvalitetsmål for alle speleflater. Men dei må vera oppnåelege. Og då må me skilja på kva me kan oppnå på kort sikt og på lang sikt.

Harde vintre

Kvar vinter blir me sett tilbake. Vinteren kan vera hard på Voss. Samanlikna med kystnære strøk så har me innlandsklima med lange og kalde periodar. Men når sommaren først kjem så har me meir sommar, me har mindre nedbør og varmare vêr.

Verdsklasse

Vi vil aldri oppnå verdsklasse på speleflatene våre. Til det blir det kravd heilårs sesong og eit tjuetals tilsette på banen. Der kjem me aldri. Men om me ikkje kjem i verdsklasse - så kan me likevel bli god. Så god at alle som speler her får ei god oppleving og ønskjer å spela her igjen - så fort som mogleg.

Langsiktige mål

Viss me gjer ting rett kan me kvart år bli litt betre. Me kan til dømes starta med å reparera nokre speleflater som har vorte forsømde dei siste åra. Så kan me bli betre førebudde på å klara overvintring slik at me kvart år reduserer tilbakeslaget frå vinteren så godt det lèt seg gjera. På den måten kan me systematisk oppnå eit høgare kvalitetsnivå for kvart år som går.
Dei langsiktige måla blir beskrivne her.

Kortsiktige mål

Det nyttar ikkje berre å ha langsiktige mål. Me må vera realistiske. Kvar vår blir me sett tilbake. Me må alltid starta der me er. Derfrå må me sjå kva tiltak me må gjera kvar veke. Og så kan me ha mål for kva me kan klara kvar månad som går.
Dei kortsiktige, månadlege måla, blir beskrive kvar månad saman med vurdering av status.
Realismen kjem inn når me kvar månad ærleg bedømmer kvar me står med omsyn til kvalitet, kva me vil gjera, og kva me kan oppnå neste månad. Det ønskjer me å kommunisera med alle medlemmene. Så veit me alle at det er mange ting, som t.d. vêret, som me ikkje kontrollerer. Men me trur ein open dialog vil både gi forventningar og forståing. Og at kvar enkelt vil kjenna eigarskap til vår felles bane.

Våre langsiktige mål for spilleflater

Green

Greenar skal ha mykt gras av arten krypkvein, fri for sjukdom og framande artar som tunrapp (blir rekna som ugras). Greenar skal vera faste. (Ikkje blaute og ikkje harde). Ballar utan mykje spinn skal spretta og rulla ut. Ballar med spinn skal stoppa og gjerne spinna tilbake. Farten skal svara til 8-9 målt med stimpmeter, med moglegheit for å kunna auka til 10 for konkurransar. Alle greenar skal vera tilnærma like med omsyn til fastleik og fart. Greenar skal vera jamne og ha minst fire område for holplassering.

Krage og forgreen

Krage er ei klippebreidd "singlecut" rundt greenen. Forgreen har tilsvarande konstruksjon med sand i grunnen som greenen. Same fastleik og ein tett grasmatte. Forgreen skal fungera som ein kontrollert landingsplass for låge slag som sprett og rullar inn på greenen. Det kan også finnast same kvalitet i eit “runaway-område” på sida eller bak greenen. Krage og foregreen har same klippehøgd, det vil seia noko lenger enn green og noko kortare enn fairway.

Område rundt green

Greenområder skal vera utforma for å framheva varierte alternativ for spel. Me finn desse speleflatene i nærleiken av greenen: krage, foregreen, fairway, bunkar, semirough, klipt rough og uklipt rough, det vil seia - alle speleflater. Samansetninga må kombinerast slik at det blir gitt rom for variasjon i spel og at området verkar rettferdig (fair).

Fairway

Klippelinjer skal framheva arkitekten sine intensjonar for spel på holet. Bakken skal vera fast (eller spenstig) og ballen skal spretta og rulla. Grasmatta skal danna eit tett teppe og gi litt luft under ballen, men ikkje så mykje luft at det øydelegg for god rull. Her vil det alltid vera ein avveging. Ein fast (eller spenstig) fairway gir ballen ein sprett når den landar. Ved mykje regn vil bakken uvilkårleg bli mjukare og ein vil mista sprett, men bakken skal ikkje vera blaut slik at ballen blir plugga. Graset skal danna ei tett matte som ber ballen slik at ein alltid unngår å få gras mellom kølle og ball. Mjuke, tynne og glatte grasblad, som i grasarten raudsvingel, blir føretrekt. Graset skal veksa seint slik at det ikkje blir opplevd å bli langt før neste klipping.

Semi rough

Semi rough, også kalla “first cut”, har to formål: (i) bremse ein rullande ball frå å avansera like mykje som på fairway. Og (ii) han skal hindra at ballen rullar ut frå fairway og rett ut i høg rough. Det siste vil bidra til at banen blir opplevd meir rettferdig og ikkje så vilkårleg. Graset skal vera tett og stivt slik at det ber ballen - ballen skal ikkje søkka ned på bakken mellom grasstråa. Det skal vera rimeleg lett å spela frå semi rough. Men fordi ballen sit høgt i graset, vil det vera vanskeleg å få spinn og stopp på ballen når han landar på greenen.

Her ligg ballen i semi rough og graset er så tett og stivt at ballen flyt oppå. Ballen til venstre er trykt ned i botn.

Rough

Me ønskjer ein skrinn rough med lyse strå. Lyse strå gjer det visuelt lettare å sjå utforminga til holet. Graset skal vera så skrint at spelaren skal sjå ballen på fem meters avstand. Me har no hatt fleire år med høgt gras av arten strandrøyr. Me klipper no roughen fleire stader for at denne arten skal døy ut. Dei same krava på farge og skrinnheit gjeld.
Me reknar at ein spelar som slår i roughen i snitt skal tapa eit halvt slag. Det er ok straff. Tapt ball som medfører “stroke and distance”, det vil seia minst to tapte slag, er ikkje ok.

Her ligg ballen i skrinn rough på hol 6. Ballen er godt synleg og greitt spelbar.

Bunker

Ein bunker skal ha fast botn, men med laus sand i toppen. Den lause sanden skal ha djupn mellom 1-2 tommar (2,5-5cm) - ikkje meir. Bunkerane skal drenera vatn godt. Ballar skal helst ikkje plugga. Fremre kant av bunker skal ha ein kant som hindrar at det er mogleg å putta ut frå bunker og inn på green. Ballen skal ikkje kunna liggja uspelbar mot nokon kant.
Rake for bunker skal plasserast i bunker. Det gjer klipping rundt bunker enklare.