Me har langsiktige mål for kvalitet. Kvart år ønskjer me å ha ein kvalitet på speleflatene som er litt betre enn året før. Me erkjenner at kvalitet aldri står stille - anten går me fram - eller så går me tilbake.
Me vil at du skal ha innsikt i alt som blir gjorde for å leggja til rette for gode golfopplevingar. Det er trass alt vår felles bane - og banen din - me jobbar med.
Vedlikehald er det me gjer mest av - det går føre seg kvar einaste dag gjennom sesongen. Klipping av alle speleflater er rutinemessig arbeid. I tillegg må me sprøyta, gjødsla, så, lufta og dressa med sand. Desse blir gjennomførte i hovudsak etter ein fastsett plan, men kan også bli igangsett ved behov.
Og til slutt, men ikkje minst, så kjem reparasjonar. Ting skjer i naturen, tre veks, område gror til, grøfter blir tette osb. Alt dette krev reparasjon og ekstra innsats.
For sesongen 2024 har me fast banemannskap i Per, Kjetil og Kristian. Per er grunneigar for det eine bruket som banen ligg på. Han jobba også på banen i fjor. Han kjenner sjølvsagt området godt.
Kjetil og Kristian har jobba for oss i fleire sesongar allereie og kjenner jobben godt.
Me har ein stor bane, sjølv om det berre er ni hol. Så i tillegg til dei tre faste har me ekstra mannskap i Grasgutane. Det er Grasgutane som har stått for å fjerna den høge roughen og halda han nede i 22 og 23 sesongane. Tanken er at Grasgutane skal hjelpa til med å ta toppar i arbeidsbelastning, som t.d. når me skal lufta og dressa greenar. Dei vil også kunna steppa inn ved fråvær hos den tre faste.
I tillegg til alt arbeidet på banen krevst også innsats med å halda maskinparken i god stand. Viss maskiner havarerer kan det ha store konsekvensar for vedlikehaldsarbeid. I ei viss grad har me overlapp mellom maskiner slik at om ei maskin skulle havarera, så kan me bruka ein av dei andre. Men me har ikkje 100% dekning, og uansett vil det endra planar. Så dagleg stell og vedlikehald på maskinparken er særs viktig for oss.