Modifikasjonar

Modifikasjonar på banen har konsekvensar. Dei kostar pengar å gjennomføra. Me må leva med dei i ei god tid. Dei skal vera vellykka. Me beskriv her ein prosess som skal styra arbeidet med modifikasjonar. Den skal etterlevast. Me beskriv også ein del prinsipp som skal styra arbeidet med modifikasjonar. Dei skal også etterlevast.

Prosess: Modifisere banen

Me har laga ein enkelt prosess for å styra alt arbeid med utvikling av banen. Du synest kanskje at det verkar litt veldig for ein liten idrettsklubb? Då skal du tenkja gjennom følgjande:

- Me har eit stort idrettsanlegg - eitt av kommunens største.
- Me la ned mykje omtanke ved utforminga av banen før den vart bygd. Og me oppnådde gode resultat på grunn av det. Resultat som me har fått mykje skryt av. Kvifor skulla me slå inn på ei anna linje no?
- Me må unngå å bruka pengar me ikkje har. Eit tiltak kan sjå enkelt ut. Men under arbeidet kan det dukka opp forhold me ikkje såg då me starta. Det kan kosta oss pengar - pengar me ikkje har. Ein god prosess reduserer risiko.
- Brukar me tid i førebuingar kan me engasjera fleire og finna betre løysingar og ha betre ressursar i gjennomføringa.
- Tid i førebuingar gir oss betre moglegheit til å samordna tiltak - slå fleire fluger i same smekk.
- Ein standard prosess gir oss moglegheit til å perfeksjonera, evaluera og læra - rett og slett bli god i det me driv med.
- Det er svært viktig at gjennomføringstid er kort. Total tid frå idé til gjennomført tiltak, er ikkje like viktig.

Reglar for utforming av banen

Reglane gjeld både for bygging av nytt og modifisering av hol. Det handlar om å utvikla anlegget for betre måloppnåing. Men det handlar òg om å tilpassa seg tida, eller utviklinga i golfsporten.

Banen skal passa for alle

Dette er krevjande. For her inkluderer me absolutt alle: nybyrjarar, hobbygolfarar og elitespelarar. Me tenkjer på unge, vaksne, gamle, kvinner og menn. Og me kan seia spreke og ikkje så spreke. Alle skal ikkje berre kunna spela banen, men alle skal finna glede og utfordring.

Golfen har endra seg dei siste 20 åra. For 20 år sidan hadde me “Grønt kort” - eit sertifikat på ferdigheiter for spel på bane. No heiter det “Vegen til golf” og no sender me nybyrjarar ut på banen med mindre ferdigheiter enn før.

I andre enden av skalaen slår no gode spelarar lenger enn for 20 år sidan. Ballar, utstyr og teknikk er hovudårsaka. Men også innstillinga har endra seg. Det er bevist at det lønner seg å slå langt. Såkalla unge vaksne som kom til golfen frå andre idrettar under pandemien, er meir pågåande og aggressive i spelestilen sin.

Begge desse utviklingane er ok. Men det har betydning for målet vårt om at “banen skal passa for alle”. Då me bygde banen var det ganske utenkjeleg at nokon kunne slå frå bakarste tee og i bekken på hol 9. Men det skjer no.

Spelarane skal finna ballen og kunne spela vidare.

Ballen skal vera godt synleg i rough. Hovudregel er at han skal vera synleg på 5 meters avstand. Det reduserer behov for leiting.

Ingen spelarar synest det er artig å leita etter ballen. Og det er heller eigentleg ikkje nokon del av sjølve spelet. Me byggjer og held ved like banen slik at me slepper leiting.
Du må rett nok forventa å mista ballen om du slår han i vatnet eller i ei hindring (venstre side på hol 1 og 2), eller i opphavleg skog som finst på nokre hol.

Banen skal vera lett å gå

Spelarar skal oppleva 9 eller 18 hol som ein fin mosjon. Det er eit mål for oss at spelarar har krefter igjen når dei er ferdige med runden sin.  

Det er fleire forhold som påverkar kor lett eller tung banen er å gå.
Mest avgjerande er talet på høgdemeter på ein runde. Altså kor mykje opp og ned der er på ruta. Avstanden mellom green og tee er òg viktig, han skal vera så kort som mogleg. Me har t.d. ein lang avstand mellom green 7 og tee 8, men det hjelper at han er i nedoverbakke. Dei fleste har bag på tralla og då er det faktisk viktig at det er lite rullemotstand i bakken. At bakken er fast og at graset er kortklipt betyr faktisk ein del.

Kvart hol skal gi spelaren val på spelerute.

Eit godt golfhol er ikkje eit vanskeleg hol. Eit godt golfhol gir spelaren val på spelerute, men slik at spelaren blir freista til å slå eit slag på grensa av sine eigne ferdigheiter. Og hugs at dette skal gjelda for alle ferdigheitsnivå.

Dette kravet gjeld både for lange slag men også for spel rundt greenen. Der skal det vera mogleg å slå fleire typar slag slik at spelaren sjølv kan velja å spela aggressivt og ta sjansar, eller spela trygt. Etter eige ønske.
I dag blir dette gjerne omtalt som “fun factor”. I dette ligg òg at dei freistande vala representerer gøye slag.

Kvart hol skal utformast slik at vedlikehald kan gjerast effektivt.

Dersom vedlikehald kan gjerast effektivt, vil me nå over store område med klipping på kort tid. Me seier derfor at alle parti på banen skal kunna klippast med utstyr me sit på. Klipping med handhaldt reiskap er ressurskrevjande og skal unngåast i utforming.

Med tida kjem robotklipparar, men kravet består.

Det skal vera trygt å spela og å vera nabo til golfbanen.

Å bli treft av golfball kan vera farleg. Utforming av hol og bane skal gi ein låg risiko. Spelet har utvikla seg på 20 år.

Der er få konfliktområde på banen vår, men dei me har skal me gjera noko med.