Prinsipp

Eit prinsipp er ein grunnleggjande, allmenn regel for handling. Det er ein regel som me alle er samde i, og som det ikkje er nødvendig å diskutera. I banekomiteen skal me etterleve desse prinsippa:

Tryggleik skal prioriterast

Tryggleik blir alltid prioritert høgast. Alle tiltak skal sjekkast for tryggleik.

Fleire fluger i same smekk

Det betyr at tiltak skal sjåast i samanheng og koordinerast for betre måloppnåing og betre utnytting av ressursar.

Rask gjennomføring og heilt ferdig

Vi skal planleggja tiltak slik at me kan gjennomføra tiltaket raskt. Og har me først starta, så skal me gjera oss heilt ferdig.

Me skal aldri introdusera noko av dårlegare kvalitet enn det me har

Dersom me erstattar det me har, eller byggjer nytt, med dårlegare kvalitet enn opphavleg kvalitet, vil kvaliteten på heile anlegget gradvis  ringast over tid. Motsett vil me kontinuerleg oppgradera anlegget med betre kvalitet.

Alltid forenkla vedlikehald

Når me gjer ein modifikasjon for betre spel, må me òg tenkja enklare vedlikehald.

Tilbake til Modifikasjoner