Forslag

I utgangspunktet har me ein fantastisk fin bane. Men det er gått 20 år sidan han var utforma av golfbanearkitekten Jeremy Turner. Gjennom åra har me fått gode tilbakemeldingar frå spelarar om at det er ein fin bane og ein gøy bane å spela.
Men i løpet av 20 år skjer ting; utstyr, ballar og spelarar har endra seg. Me må alltid ha eit vake blikk for korleis me best kan gi spelarane våre ei god oppleving. Det går alltid an å gjera ting betre.
Me ønskjer derfor velkommen alle forslag til forbetringar frå dei enkle små til dei store og ville idear. Ikkje alle kan realiserast, men dei kan bidra til nye idear og gi input til andre planlagde tiltak.
Me har stramme rammer å forhalda oss til; økonomi, gjennomførbarhet, tryggleik, design osb. Derfor har me ein prosess på korleis me går kontrollert frå ide, forslag og heilt til gjennomført og evaluert tiltak. Det må nesten vera sånn. Me har ikkje råd til å gjera feil.
Lista nedanfor viser alle forslag. Nokon kjem frå medlemmer og nokon frå banekomiteen. Alle blir behandla likt. Ingen ting er hemmeleg - her kan du følgja med i alle forslag som kan bli ein realitet.

Har du eit forslag? Gå til Innspel i menyen og send inn ditt forslag.

Prosess for å håndtere forslag til modifikasjonar